Satsingsområde

Også i år kjem me til å ha språk og vennskap & deltaking som satsingsområde hos oss. Me ser at det er viktig å satsa vidare på desse områda. Me ser også at satsingsområda våre heng saman fordi språklege ferdighetar er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og vennskap.

Evna til å nytta språket er avgjerande for korleis barn kan kommunisere med andre barn og vaksne, for å setja ord på erfaringar, fortelja om hendingar, diskutere og reflektere saman. Når me er i samspel med andre, nyttar me språket aktivt. Små barn er til dømes ekspertar i å bruke og lese kroppsspråk, og dette gjer dei i sampel med andre. Personalet må også vera flinke til å lese barna sitt kroppsspråk. Me jobbar også med at barna skal bruke språket aktivt når dei er i konfliktar med andre, og å bruke språket for å ytre ynskje og behov. Også her må personalet vera til støtte for barna, og lære barna korleis me løyser konfliktar.

Me kjem også til å ha språksamlingar dette året, der me stimulerer barna si språkutvikling. Dette kan t.d. vera å rima, kjenna att bokstavar og namn, snakka om lange og korte ord, stavingar, dramatisere eventyr, forteljingar, høgtlesning, rim og regler, gode samtalar, og leik og utforsking av skriftspråket, mm. Me har mange gode hjelpemiddel her, og samarbeider godt med PPT her. Hjelpemiddel er t.d. TRAS, Snakkepakken, Språksprell, Mattemeisen, fagkorta til Espira, mm.

Me har fått til gode lesekrokar på kvar avdeling, og barna likar også å bruka bokbussen.

Personalet skal ha fagleg kunnskap om språk-utvikling og god språkstimulering, og barna skal oppleva god kvalitet i det daglege samspelet med vaksne og barn. Personalet skal vera gode språklege rollemodellar.

Vennskap & deltaking

Dette satsingsområdet er eit område som Utdanningsdirektoratet og også Kvinnherad kommune satsar mykje på. Me byrja på dette i 2012, og ser at me vil jobba vidare med dette også i 2013/14. Målet er å vidareutvikla og styrka barnehagen som ein pedagogisk og lærande organisasjon. Personalet sin kompetanse skal heile tida vera i utvikling på dette området. Personalet skal kjenna til korleis me skal arbeide for å skapa eit godt psykososialt barnehagemiljø, korleis me skal jobba med vennskap og deltaking og bygga gode relasjonar. Personalet er rollemodellar også her, og bidrar gjennom eigen veremåte til barna si læring av sosiale ferdighetar. Personalet skal vera deltakande, tydelege, varme og anerkjennande i sin relasjonsbygging med barna. Slik er me gode rollemodellar, og gir grunnlag for utvikling av sosial kompetanse både gjennom kvardagssituasjonar/her og nå-situasjonar, og gjennom planlagde aktivitetar.

 

 

Personvern og cookies