Leik og læring

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen og me er bevisste på at den har ein eigenverdi. Leiken er ein viktig side ved barnekulturen og den er ein grunnleggjande livs- og læringsform som barn kan uttrykkja seg gjennom. Gjennom leiken ønskjer me å gi barnet tru på seg sjølv og andre. Vennskap og relasjonar blir skapt gjennom leik. Såleis vil leiken vere ein stor del av vårt satsingsområde «Vennskap og deltaking».

Læring skjer i det daglege samspillet og er nært samanvevd med omsorg, leik og danning. Barnet skal søka erfaringar og opplevingar aleine og saman med andre gjennom utforsking og samtale. Dette vil gi barnet kunnskap og innsikt på mange av livets oppgåver. Læring skjer i samspel med andre, på ulike arenaer og gjennom heile livet, og me ser på det som vår oppgåve å styrka barns læring i formelle og uformelle læringssituasjonar.

 

 

 

Personvern og cookies