Tiriltoppen

På Tiriltoppen går dei som er født i 2009, 2010 og 2011. Tilsaman er me 13 barn. Dei som er født i 2009 er på gul gruppe. Dei som er fødd i 2010 og 2011 er på rosa gruppe.

Me samarbeider mykje med avdelingen Månetoppen, der går det også barn som er på rosa og gul gruppe. Me har då turgrupper og prosjekt ilag med dei.

Rosa gruppe har turdag og leikestund ilag. Me går og mykje på fellesrommet der me har grovmotorisk leik.

Gul gruppe har turdag og prosjekt ilag. Dei får og mulighet til å gå ned på Haugtussa og Skogstrollo og leika seg der.

Kvar onsdag har me middag i barnehagen. Dei andre dagane har me smørjemat.