På Månetoppen går det barn som er født i 2009, 2010 og 2011. Me er 11 barn tilsamans. Dei som er født i 2009 er på gul gruppe og dei som er født i 2010 og 2011 er på rosa gruppe.
Månetoppen samarbeidar mykje med Tiriltoppen da det går barn på Gul og Rosa gruppe der og.
Gruppene har turdag og prosjekt ilag.
Rosa gruppe har turdag, leikestund og går mykje på fellesrommet det dei har grovmotorisk leik.
Gul gruppe har turdag, prosjekt, leikegrupper og går og på fellesrommet. Dei har og mulighet til å gå ned på Haugtussa og Skogstrollo og leika seg der.
Kvar onsdag har me middag i barnehagen. Dei andre dagane har me smørjemat.