På Haugtussa går dei som er født i 2007 og 2008. Tilsaman er me 29 barn. Dei som er født i 2007 er blå gruppe. Dei som er født i 2008 er grøn gruppe.
Blå gruppe har turdag på torsdagar. Dei har prosjekt og gruppetid på tirsdag og onsdag.
Grøn gruppe har turdag på onsdagane. Dei har prosjekt og gruppetid på tirsdagar og torsdagar.
Kvar dag fram til kl 9.30 er vi ilag på heile huset, da får borna velje kvar dei vil leike.
Mandagar og fredagar har me velje-dag der barna får velje om dei vil leike ute, gå tur, leike på Haugtussa eller på den andre avdelinga med store barn som heiter Skogstrollo. på Skogstrollo er det i hovudsak atelier med formingsmateriale, her har vi ofte dagens aktivitet.
På Haugtussa har me konstruksjonsleiker. Det vil seie bilar, lego, duplo, bondegård og byggjesett. Me har og familiekrok med dukker , utkledning, stellebord oa.
Me har laga til eit leseloft på hemsen vår, her kan me trekke oss tilbake for å lese bøker.
Ellers kan barna få modellere, teikne, spele spel, lytte og danse til musikk!!